Det multikulturelle Russland

AV TORGER HAVÅG.

Lørdag kveld, Volda. Etter ei lang reise er eg tilbake der eg starta, og prøvar å bearbeide inntrykka. Hovudet er fullt av russisk, engelsk, svensk og norsk, og eg er så sliten etter reisa at eg nesten sovnar ståande.

Vi spolar tida tilbake med om lag 6 døgn, då vi mandag kveld, om lag klokka 20.40, landa i Nizhny Novgorod. På mellomlandinga i Moskva hadde det vore eit tynt lag med snø på bakken, men ikkje veldig kaldt. I Nizhny var det -5, og mørkt. Mot oss lyser navnet på byen, nokre av bokstavane litt svakare enn dei andre. Eit solid førsteinntrykk av Russland utanfor hovudstaden, kanskje særleg med tanke på at Nizhny er ein millionby.

Flyplassen i Nizhni. Foto: Caroline Nordvall
Flyplassen i Nizhni. Foto: Caroline Nordvall

Under Sovietregimet var byen lukka, og hadde det noko meir kjende navnet Gorky. Hit vart mellom anna dissidentar sende, og kunne ikkje forlate byen. Gorky var også ein viktig stad millitært; Den lukka byen gav staten mogelegheit til å skjule aktivitet ekstra godt.

Religion og integrering

Dag nummer to, tirsdag, opnar med eit foredrag om dei mange ulike minoritetane i Nizhny, og dei mange religionane. Olga Savinova, som er ein av lærarane for mediefag ved Lobachevsky State University of Nizhny Novgorod, fortel, via ein tolk, kort om byen og minoritetane.

Språket er sjølvsagt ei hindring, som fører til at noko av informasjonen forsvinn i oversettinga. Vi kan ikkje vite med sikkerheit kva som vert sagt, eller kva som vert oversatt og kva som ikkje vert det.

Olga byrjar med å fortelje om Nizhny Novgorod Oblast, det administrative området rundt byen, og om dei mange minoritetane. Området er på størrelse med benelux-landa, noko som gir eit visst perspektiv på avstandane og størrelsen på dette landet.

At Russland er eit multikulturellt samfunn, er eit faktum ein ikkje kan kome bort frå. Nizhny Novgorod Oblast er eit område med så mykje som 30% minoritetar. I sjølve byen er denne andelen likevel berre på 4%. Dei største gruppene er dei tyrkiske og ugriske folkegruppene.

Det opne spørsmålet, om integreringa også fører til konflikter, vert sjølv lagt fram av Olga. Ho innrømmer at alt ikkje er perfekt, men at idealet er å sjå på det multikulturelle samfunnet som ein ressurs.

Sjølv om det nok er meir problematisk enn det biletet vi får presentert, er det også viktig å hugse at i eit så stort land som det Russland er, har minoritetane eksistert i samfunnet lengre enn dei til dømes har her til lands. Om dette har ført til betre integrering kan nok diskuterast, men inntrykket vi får er at det vert lagt ned eit viktig integreringsarbeid i denne regionen.

Møte med religiøse leiarar

Del to av seminaret består av ein presentasjon og samtale med ein imam, ein rabiner, og ein redaktør frå ei minoritetsavis.

Imamen er først ut, og fortel om tartarane, som er den nest største minoritetsgruppa på landsbasis. Religionen deira er islam, og som ein av leiarane lokalt, spelar han ei viktig rolle i integreringa.

I Nizhny’s region er det om lag 50 000 tartatar, og det er om lag 35 ulike tartarlandsbyar rundt om i regionen. Mange av desse stadane er dei ikkje minoritetar, men tvert om i fleirtal.

Jødar er ein annan stor minoritet, og som alle andre stadar i verda, har også dei Russiske jødane vorte påverka av si historie. Så mange som 2 millionar sovietske jødar er anslått drepne under 2. Verdskrig, noko som er om lag ein tredel av jødane som msita livet under Holocaust.

Rabbinaren seier at dette er noko som har hatt innverknad på korleis dei lever som minoritet i dag, men at det trass visse problem, som vi ikkje får noko fleire detaljar rundt, er gode forhold for jødar i Russland i dag.

Utflukt til Mordvinerfolket

Dag tre i Russland vert satt av til ein dagstur til den vesle staden Pishken, 4 timar med buss frå Nizhny Novgorod. Vi er noko usikre på nøyaktig kva denne dagen skal bringe. På programmet står det at vi skal besøke eit lite kunstmuseum, vi skal møte Mordvinerfolket, og vi skal sjå staden der forfattaren Alexander Pushkin hadde sitt sommarhus, eit gods som no er museum.

Det som møter oss etter vi har forlatt motorvegane ut frå storbyen, er den russikse landsbygda. Dette gir verkeleg perspektiv på kor stort dette landet er, enda vi berre ser ein brøkdel av det. Store, opne landskap, bar mark med eit halvtjukt snødekke. Det minnar litt om innlandsnoreg, berre mykje meir bart. Vi passerar nokre landsbyar og tettstadar, men avstandane mellom folk er utan tvil store.

Det første vi kjem til er kunstmuseet. Dette er ein kulturskule/barneskule/museum. Bileta er stort sett av lokale kunstnarar, og sjølv om det er flotte malerier, gjer det ikkje like stort inntrykk som det som ventar oss etterpå.

Vi køyrer eit lite stykke ut frå byen, og føler at vi verkeleg stoppar midt ute på den russiske landsbygda. Framfor oss står eit lite trehus, som unekteleg ser gamalt ut. Ut kjem 4-5 personar, kledd i den tradisjonelle folkedrakta til Mordvinerfolket.

Dette møtte oss då vi gjekk ut av bussen:

Damene syng, mens ein av mennene spelar trekkspel. Så vert vi innvitert inn, der den verkelege overraskinga kjem. Inne i spisestova, som ikkje er større enn 4×4 meter, er det dekt opp til heile følget vårt på om lag 20 personar.

Mordvinerfolket gav oss ein varm velkomst!
Mordvinerfolket gav oss ein varm velkomst!

Vi får ikkje mindre enn eit 3-rettars måltid, meir sang, og ei solid innføring korleis Mordvinerfolket tek vare på tradisjonane sine. Ei av dei svenske studinene som er med oss vert i tillegg kledd opp i den tradisjonelle mordvinerdrakta, og framstilt som skogens prinsesse. Dette var eit vanleg ritual under feiringa av den høgtida dei som folk er inne i, og det heile var ei spesiell oppleving, og noko av det som sit best att etter turen.

Stemninga tok seg opp inne i hytta:

Besøk til lokalavis og mediesenter

Etter ein lang og innhaldsrik dag på tur, drog vi på torsdagen ut for å besøke ei lokalavis for Nizhny. Dette var etter det vi forsto ei nokså stor regionavis, men hadde likevel berre 6-7medarbeidarar som journalistar. Også her var det noko vanskeleg å få det heile og fulle biletet, men det kom klart fram at over 90% av dei økonomiske midla kom frå staten.

Dei gav ut to ulike aviser, ei for det vi på godt norsk kallar harde fakta,

og ei for det noko lettare reportasjestoffet. Desse vart henhaldsvis trykt i svart/kvitt A3 format og fargar magasinformat. Avisa hadde også ei nettavis, og men denne var heilt tydeleg retta inn på eit yngre publikum.

Etter dette besøket gikk turen til det nye mediesenteret som akkurat hadde vorte opna på universitetet. Dette var svært imponerande, og hadde stått klart berre nokre veker før vi kom. Alt av teknisk utsyr var topp moderne, men studentane utrykkte at tida dei hadde fått her hittil var svært avgrensa. Men, senteret gav dei i alle fall alle mogelegheiter til å få ei god utdanning.

Det lokale departementet og ballett

Den siste dagen i Nizhny hadde to programpostar. Dagen starta med eit nytt besøk til ”Kreml”, men denne gongen skulle vi besøke det lokale departementet. Vi fikk ein presentasjon av korleis dei lokale myndigheitene styrer. Også her er mykje styrt frå sentralt hald, og kor mykje dei faktisk styrer lokalt var også her litt vanskeleg å vite sikkert.

Etter ein kjærkomen pause var det kl 5 klart for noko alle hadde sett fram til. Kvelden var nemleg sett av til ballettforestilling, og forestillinga var intet mindre enn Tchaikovsky’s Svanesjøen.

Svanesjøen
Svanesjøen

Forventningane var høge, men oppvisninga var enda betre enn det vi kunne håpe på. Ingen av oss var nokre ekspertar innan ballett, men dei fleste var enige i at nivået på dansarane var skyhøgt, og at dette var eit av høgdepunkta for opphaldet i Nizhny.

Perspektiv

Turen til Russland har sett mitt levesett i perspektiv. Det eg set att med er delvis det eg trudde eg ville sjå, nemleg dei store forskjellane det er mellom folk i Russland. Men der førsteinntrykket var at det er mykje fattigdom, og at levestandarden er mykje lavare enn i Noreg, er det endelege inntrykket at det heller er vi her nord som skil oss ut. Ja, levesettet er mykje lågare for mange, men eg trur mange likevel lever nokså gode liv. Og dei fleste i Noreg hadde nok også klart seg med mindre.

Inntrykket av studentane, som er på vår alder, er også noko som har sett spor. Etter møtet i Volda i Mai har vi hatt noko kontakt, og då vi kom over til Nizhny, tok dei godt imot oss. Det vi set att med, er at det er fleire likheiter enn forskjellar. Folk er forskjellige, men det har ikkje i hovudsak med nasjonalitet å gjere. Eg reiser gjerne tilbake, og har fått mange nye venar og kontakter, både i Russland og Sverige.

Leave a Reply